Tidlegare biskop Solveig Fiske og Sebastian Christensen kjem.
Solveig Fiske held foredrag. Ho var i mange år styreleiar for Ressurssenteret mot vold og seksuelle overgrep, eit felt ho, som prest og sjelesørgar, har engasjert seg sterkt i. Senteret har no bytta namn til Vake kirkelig ressurssenter. Sebastian Christensen er tilsett der, samstundes som han jobbar freelance.
Forutan å fortelje frå livshistoria si, vil Sebastian synge. Nokon vil kanskje kjenne att namnet frå Voice på TV2? Heile livet har Sebastian vore opptaken av sang og musikk, både som solist, dirigent, tekstforfattar og komponist.
Det blir enkel servering og samtale, og arrangør er Diakoniutvalet.